Sunday, February 1, 2009

den helvetes bloggen

Kvifor eg hatar bloggar? Er eg verkelig så ond, vond og vanskelig?

Det heile er såre enkelt. Ein lang og bunnlaus frustrasjon har sege seg innpå meg, der hets er einaste utveg. Eg trur nemlig at alle andre også hatar bloggar. Dette er eg faktisk heilt sikker på! Bortsett fra eins eigen sjølvsagt, og ein gang iblant nokon innlegg frå ei fin jente. Det finns særs få døme på bloggarar som les ein annan sin blogg. Folk som ikje har sin eigen blogg les ikje blogg.


Bloggar e berre noko skit. Ein kjapp oppsummering viser følgjande:

I Informasjon ein måtte støte på i ein blogg er oftast udokumentert vas.
II Forfattarens personlige agenda skin på ekkelt vis gjennom sjølv om forsøkt holdt skjult.
III Forfattarens ukvalifiserte gjetninger er uinteressante for alle andre.
IV Bloggar inneheld tusenvis av skrivefeil.
V Svært mange bloggarar trur bloggen deira skal redde verden.
VI Mange bloggarar er kritiske til media, og meiner deira blogg er meir truverdig enn VG, Dagbladet og TV 2 til saman.
VII Kritiske bloggar nevnt i pkt VI sluttar alltid å vere objektive i andre eller tredje avsnitt.


Ein blogg er som terror for meg. Ei ulidelig reise i litteraturens hengemyr. Ein triviell jungel fylt av tyfus og pest og plager av alle slag. Det er berre menneskelig å reagere slik, om ein skulle vere så uheldig å klikke seg innpå ein blogg.

Kast heller vekk tida på å skrive kjærleiksbrev, eller send ein sms. Eller finn på noko anna. Bare ikje skriv blogg. Kanskje ein ikje bør skrive noko i det heile. Eg er sikker på at han eller ho som fant på konseptet "blogg" har komt på noko bedre å gjere for lengst. Berre navnet "Blogg" gjer at eg blir dårlig.

Kva vart gale med lesarinnlegg i ei avis eller ein lite gjennomtenkt kommentar på facebook? Verden er drittlei blogg - blogg som om dei liksom var desse opphøgde skribleria til nærast guddommelig status. Eg meiner 90% av alle bloggar i verda innst inne handlar om forfattarens ego og uoppdaga talent, skjult som innlegg om Gaza og andre ting folk verken har greie på å skrive om - eller interesse for å lese om.

La bloggen dø i fred.

3 comments:

Philip I said...

Holocaust?.....What Holocaust?!

Rigmor said...

Jøss. Er bloggen død etter bare tre innlegg? Det var da veldig så fort flisa snudde?

Anonymous said...

))))))))))))))))))) it is matchless ;)